15-ÅRS JUBILEUM! The Vossa Rebels @Ungdomshallen
The Vossa Rebels inviterar til jubileumskonsert!

Hausten 2010 starta fire unge karar bandet The Vossa Rebels. Dei fann raskt ut at det var rockabilly dei ville leggje sjela si i.
I løpet av femten år som band har The Vossa Rebels gjort over 300 spelejobbar - på alt frå små klubbar og ungdomshus på dei mest utenkelige stadar, til store festivalar over heile landet. Bandet har gitt ut to studioalbum, og vore å sjå på TV skjermen fleire gongar. 17. oktober slepper bandet livealbum frå ein konsert dei gjorde på Rockefeller i Oslo.
No markerer The Vossa Rebels sitt 15-årsjubileum med konsert og fest i Ungdomshallen på Vossevangen – den same scena dei hadde sin fyrste konsert på i 2010. Den gong var gutane berre 6 til 10 år gamle.
Her får du servert rockabilly med ungdommeleg energi – frå eit band i toppform!
Etter konserten snurrar DJ Cadillac Daddy (aka Sondre Hegg) vinylplater.
Det tok kanskje 15 år, men det vert for fyrste gong i historia moglegheit til å kjøpe ekslusivt Vossa Rebels-merch.
Dørene opnar kl. 21:00. Konsertstart kl. 22:00.
Velkomen til konsert, fest og 15-års jubileum!
Restrictions
18-års aldersgrense.
Waiver
Kjøpte billettar refunderes ikkje.