Hjørnevik & Iversen (Ekstraframsyning)
NB! Dette er ei ekstraframsyning 13. september kl 18:00.
Det fyrste showet same dag kl. 21:00 er utseld.
Den galne diktaren Jon Hjørnevik, og den halvgalne visesongaren Dagfinn Iversen, er igjen ut på prøve. No kjem dei heim til Voss og Gamlekinoen.
Det er eit oppkok av Dagfinn sine gitartonar, Hjørneviks hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humor. Gjer dykk klar for dikt om kommunal omsorg, sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar som endar i kloremerker på ryggen.
Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det nok av vakre gitartonar frå Iversen de kan lytta til.
Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show.
Arrangementet vert skipa av Kjekt AS.
Restrictions
Fri aldersgrense.
Waiver
Kjøpte billettar refunderes ikkje.