AUSEKARANE // Sambygg

Ausekarane spelar i Vossestrand Sambygg 2. november 2024! Med slagarar som «Ausedansen» og «Fin i bikini» vert dette fort ein moro kveld 🥳

page view image
Event date

Saturday 2 Nov 2024 20:00

Ends Sunday 3 Nov 2024 02:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

ticket item
Ausekarane
Prisen inkluderar billettavgift på 20 kr.
event image

Event information

Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar. På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts».

Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media. Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar.

Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.

Arrangementet vert skipa av Kjekt AS.

Restrictions

18 års aldersgrense. Dørene opnar 20:00.

Tags

ausekarane
voss
ausedansen
konsert
teater
show
Organizer
Kjekt AS