© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypperste kvalitet. Dei har oppnådd ei rekkje utmerkelsar, fått tildelt gull- og platinatrofèar og fått æra av å spela på hundrevis av utselde arrangement.
Bandet reiser med blant anna LED-skjerm, flammar og diverse effektar som gjer at showet skiller seg ut ifrå mengden og gjev publikum ei unik konsertoppleving. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad står ei rekke anerkjente musikarar. Bandet fokuserar på ekte speleglede og musikalsk kvalitet. Playback og tracks er banning i kyrkja for denne gjengen.
På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekka show. Kjemien mellom scene og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse karane var laga for å opptre på scenen. Det å vera på konsert med Gunslingers kan opplevast som eit ordentleg serotonin-tilskudd og ikkje minst - det gjer deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyma!
The Vossa Rebels kjem også! Hausten 2010 startet tre unge karar band. Dei fann fort ut at det var rockabilly dei ville legge sjela si i. I løpet av sine 15+ år som band har The Vossa Rebels gjort utallige spelejobbar rundt i landet på alt frå klubbar til store festivaler. Bandet har òg vert å sett på TV-skjermen fleire gonger. Her får du servert rockabilly med ungdommelig energi av eit band i toppform!
Kl. 21:00: Dørene opnar
Kl. 21:30: The Vossa Rebels
Kl. 22:00: Gunslingers
(Mindre avvik i tidsplanen kan forekomme).