Taal
Help
© TicketCo AS 2024.
Juridische voorwaarden voor ticketkopers
Juridische voorwaarden voor organisatoren
Rare og morosame saker frå lokalavisene har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale medier. Ken André Ottesen meinar at avisutklippa han har samla kan fortelja sanninga om folk, og korleis dei og heimstadane deira EIGENTLEG er. Denne sanninga deler han med oss når han reiser rundt i landet med showet «Ja, vi elsker dette landet».
Vil nordlendingane nokon gong lukkast med å banne vekk snøen? Er vestlendingar eigentleg mindre begava enn trøndarar? Er sørlendingar meir religiøse enn Jesus? Og er det nokon andre enn austlendingar som bryr seg om austlendingar? Alt dette finn du ut av i kultursalen 7. februar 2025 - me sjåast!