Hjørnevik & Iversen - Sambygg

Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen tek turen til Vossestrand Sambygg 5. september 2025. Her vert det gode dosar dikt, humor og røvarhistoriar. Vel møtt!

page view image
Evenemangsdatum

fredag 5 sep 2025 20:00

avslutas fredag 5 sep 2025 23:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Ordinær
Inkluderar billettavgift på 20 kr.
event image

Evenemangsinformation

«Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar

«Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar

«Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen

«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak».  Thorvdald Steen, forfattar

«Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik

«Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy


Jon Hjørnevik er frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ynskje Hjørnevik - heretter kalla forfattaren - velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vera tilstades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå fyrste dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.

Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.

Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv.

Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Korea, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda.

For dei som ikkje likar dikt er det vakre gitartonar frå Iversen de kan høyre på.

Det vert gode sjansar for å kjøpe seg eit glas både før, under og etter framsyninga for dei som måtte ynskje det. 

NB: Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show. Velkomen!

Arrangementet vert skipa av Kjekt AS.

Restriktioner

Fri aldersgrense.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderes ikkje.

Taggar

jon
hjørnevik
dagfinn
iversen
vossestrand
voss
Arrangör
Kjekt AS