The Pre Outlaws - Voss Ungdomshall
The Pre Outlaws spelar skikkelig countrymusikk i Voss Ungdomshall laurdag 13. mars 2027!
Etter å ha spelt rock n' roll og rockabilly i mange år fann Sondre Hegg, Eivind Styve og Sondre Styve i The Vossa Rebels og Erlend Styve frå Twang Gang ut at dei ville laga seg eit sideprosjekt.
Ein felles kjærleik til den gamle, ekte countrymusikken enda opp i eit nytt band. Dei har valgt å kalle prosjektet The Pre Outlaws. Namnet reflekterar at hovedtyngda av reportuaret er countrymusikk frå tida før outlawcountryen gjorde sitt inntog på 70-talet. Men ingenting er hogd i stein, så karane utelukkar ikkje at det kan koma ein og anna slengar av nyare dato og.
Dette er musikk som passar like godt i både grendahus og bedehus.
Bandet består av;
Sondre Hegg - Vokal/Gitar
Erlend Styve - Vokal/Gitar
Sondre Dæmring Styve - Bass/Vokal
Eivind Dæmring Styve - Trommer/Vokal
Dørene opnar kl. 20:00 og konserten startar kl. 21:00. Baren er open.
Restriktioner
18-års aldersgrense.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderes ikkje.