Jonas Fjeld // Gamlekinoen

Jonas Fjeld returnerar til Gamlekinoen 28. mars 2025!

page view image
Evenemangsdatum

fredag 28 mar 2025 20:00

avslutas fredag 28 mar 2025 21:30
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

ticket item
Jonas Fjeld - Gamlekinoen
Billetten inkluderar billettavgift på 30 kr.
event image

Evenemangsinformation

Engler i snøen er ikkje alt her i livet, men for mange av oss betyr biletet av dei orda noko spesielt. Det er tydeleg at det er slik for Jonas Fjeld, sidan «Engler i snøen» er den songen han aldri kan utelate frå ein konsert. Songen og kjenslene i låta har det norske folket trykt til sitt bryst og kåra til den tredje beste norske låta gjennom tidene. Berre slått av ein viss internasjonal «Take on me» og ein trøndersk «Lys og varme». Jonas Fjeld har mottatt ei rekkje prisar, blant anna spellemannsprisen fleire gonger.

Men Jonas Fjeld er så mykje meir. Jonas Fjeld har over eit langt liv som bandleiar, låtskrivar og omreisande musikar vore ein av våre mest erfarne og respekterte artistar. Oppriktigheita hans, at handverket er reine kjensler og strippa for fakter og fjas, har gjort at mange set Jonas Fjeld på lista over sine mest folkekjære artistar. Utad ein sjenert fyr frå Drammen, ein som trivst best i skuggefulle parti og helst med ein kald Aass øl i handa. Men gje han ein gitar og ein mikrofon så veks sjølvbiletet som ei tordensky. For å seie det med ei litt heldig omskriving av ei av hans låtar.

Skaparen var i godlune den dagen han skapte stemma til denne guten frå eit utprega arbeidarsamfunn nær Drammens hamn. Ikkje åleine om å ha ei mektig og djup stemme kanskje, men med den varmen og roa som omfamnar deg. Me seier ikkje meir, men har tenkt tanken om at dei rett og slett ikkje lagar artistar som dette lenger. Det vil vere feil å bruke ord som verneverdig, men det er ein grunn til at han er så folkekjær, og for at Ole Paus aldri har veket langt frå hans side. Ein Ole Paus som sette si eiga karriere på spel for å tvinge EMI til å gje ut Fjelds fyrste norskspråklege plate «Svært Nok For Meg» i 1989. Eit ultimatum som gav oss «Engler i snøen».

Arrangementet vert skipa av Kjekt AS.

Restriktioner

Fri aldersgrense.

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderes ikkje.

Taggar

jonas
fjeld
gamlekinoen
voss
vossevangen
kjekt
Arrangör
Kjekt AS