Hjørnevik & Iversen - Dikt Live @Vikjahalli
Hjørnevik og Iversen kjem dessverre til Vik i Sogn!
Information
Nei, nei, nei!
Diktaren Jon Hjørnevik og den glade trubadur Dagfinn Iversen er ute på tulltur. No kjem dei over Vikafjellet, til sjølvaste Vik.
Det går i dikt og gitar og skakk song og atter dikt. Hjørnevik og Iversen har fått løyve av Statens Dikttilsyn til å vitje dykk.
Vilkåret er å framføre dikt om erotiske tanter, skakk joik, fulle pelsdyrkonsulentar, Sverre med fingen, eit lass med purreløk, Ålesund rundbrennarlag og farleg bruk av solarium.
Billettar i sal. Kjøp og kom til ein diktframføring nær deg. Ta med slekt og uvener.
Dørene opnar kl. 20:30 og showet startar kl. 21:00.
Restrictions
18-års aldersgrense.
Waiver
Kjøpte billettar refunderes ikkje.